Kva tilbod har vi

Haugaland landbruksrådgjeving
Haugaland landbruksrådgjeving vart skipa 1. mars 2005, då Haugaland forsøksring, Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring og Haugaland landbruksrådgjeving gjekk saman i ein organisasjon. Vi har to kontor. I Ølen, på Landbrukets hus, og i Haugesund i lokala til Felleskjøpet Rogaland og Agder. Vi er 5 tilsette. 

Vi har eit vidt spekter av tilbod ovanfor medlemene våre. Her vil vi nemne dei viktigaste. 

Gjødslingsplanlegging
jorprove.jpgDet som kanskje dei fleste forbind oss med, er at vi ordnar uttak av jordprøvar og oppsett av gjødslingsplanar. Alle medlemmer får automatisk tilbod om uttak av jordprøvar og ny gjødslingsplan kvart 5 år. Som medlem har du rett på eit besøk på garden kvart år.  Vi gjev  råd om val av såfrø, om jordarbeiding og plantevern. Vi hjelper også til å utarbeida miljøplan der det trengst.  

Planlegging av dreneringsanlegg
For gardbrukarar som skal grøfta vassjuk jord, kan vi lage plan og diminsjonere anlegget. Vi lagar grøftekart, kostnadsoverslag, miljøpla og utarbeider søknader.

Informasjon som e-post
Sidan 2005 har vi hatt ei ordning der vi kvar veke (oftast mandag), sender ut informasjon om akutelle ting i tida.  I fagmeldingane finn du aktuelle råd om plantevern, gjødsling m.m. Dei fleste landbruksfaglege arrangementa som vert halde på Haugalandet vert annonsert i denne fagmeldinga. Dette er ei ordning som er særs godt mottatt. I tillegg gjev vi ut medlemskriv i papirform 3 ganger i  året. Saman med dei andre forsøksringane i Rogaland og Agder har vi eit samarbeid med fagbladet Bondevennen. Alle medlemer får 4 nummer av Bondevennen, med fagstoff skrive av oss i forsøksringen. 

Maskinsamarbeid
Haugaland landbruksrådgjeving formidlar leige av landbruksmaskiner, spreieareal og grovfor. Vi kan også hjelpe til med inkassosaker. Sidan 1990 har vi hatt eit tilbod om funksjonstesting av åkersprøyter.  Som medlem betalar du mindre for denne testen enn andre. 

Bæravdelinga
Forsøksringen har tatt på seg ansvaret med å tilby rettleiing ovanfor dei i Sunnhordland og nordlege deler av Ryfylke som driv ein eller anna form for bærproduksjon. Vi formidlar også planter, plast, emballasje o.a. til medlemene våre. Dessutan har vi god kontakt med grossistane om mottak av bær.   

Kurs om møte
Kvart år arrangerer vi kurs og møte der vi tek opp aktuelle ting i tida. Sist år hadde vi fleire autorisasjonskurs for bruk av plantevernmiddel. Vi har hatt kurs i grovforproduksjon, bærdyrking, og skjøtsel av kulturlandskapet. Maskinringen arrangerer maskinførarkurs for dei som ynskjer autorisasjon på gravemaskin. Medlemer i Haugaland landbruksrådgjeving betalar mindre for kursa vi arrangerer enn andre.